Rundane kjem tett, og dagen før avspark i ein ny serieomgang rekk me såvidt å summere opp den spenstige tredje, som eigentleg var den fjerde, runden i La Liga.
- Dette har verkeleg vore angrepsspelaranes sesonginnleiing. Så mange som ni mann har tre mål eller meir, og dermed eit snitt på minst eitt mål per unnagjorte runde. Fleire av desse ni har ikkje starta tre kampar eingong. Fire ulike spelarar har scora hattrick! Det er meir enn eitt hattrick per runde. Og endå har ikkje Van Nistelroy, Baptista, Rossi og Nilmar kome skikkeleg i gong. I staden er det andre offensive profilar, til dømes Fábregas, Negredo, Soldado og Cazorla, som presterer over forventning kva gjeld scoringssnitt. Og så Falcao da, som i veka som gjekk scora fire mål på like mange dagar for Atletico i serie og Europa League. Real Sociedads Agirretxe og Getafes Miku har komme frå ingenmannsland, og kan neppe halde det gåande i slikt tempo. Ronaldo og Messi treng ikkje nemnast denne gongen.
- Barcelona har 13-0 på sine to(!) første heimekampar. 8-0 mot Osasuna er den største heimesigeren deira under Guardiola. Og for ein eleganse! Av og til er det vanskeleg å vurdere om Barcelona får det til å sjå enkelt ut, eller om motstandaren faktisk gjer det for enkelt for dei. Det er vel helst ein kombinasjon, men relasjonane mellom Barcelona-spelarane er ikkje til å komme frå. At Fábregas har kjemi med slike som Xavi og Iniesta visste me, men den linken han har til Messi utpå der, er formidabel.
- Real Madrid tapte mot Levante. Eller, Levante slo Real Madrid. For sjekk Levante da, folkens! Laget ”alle” har spådd på nedrykksplass! Dei starta med to strake bortekampar, før eit umuleg heimemøte med Real Madrid. Og etter tre rundar er dei eit av laga som framleis står utan tap. Etter ein sterk sesong i fjor mista dei trenaren og dei viktigaste spelarane i sommar. Dei henta inn ein ny sjef heilt utan Primera-erfaring. Og Koné kven? Han som aldri fekk spele for Sevilla? Han som Sevilla aldri vart kvitt? Det skulle, burde, måtte gå gale! Tvert imot har dei stått for ein av sesongens største prestasjonar. Og Koné Hvafforno vart matchvinnar mot Galacticos! For all del, det kan framleis gå gale, men kanskje er dei langt betre enn me hadde trudd?
- (Me kan sei masse om Di María, men to leddsetningar i ein liten parentes er alt han får i dag).
- Pepe Mel har teke med seg Real Betis til Primera. Begge er hjarteleg velkomne! Betis er berre den tredje nyopprykka klubben som har klart å vinne dei tre første Primera-kampane i historia. Og no toppar dei serien saman med Valencia. Me såg tendensane allereie i fjor, då dei som Segunda-lag klarte å påføre Barcelona eit av deira fem tap totalt førre sesong. I pur glede over å vera tilbake, har dei slege all motstand så langt. Me får sjå kor lenge det held.
- Me gratulerar Real Zaragoza og Granada med sine første mål og sigrar. Zaragoza fiksa sine poeng mot Espanyol i ein kamp der Sergio og Luis Garcia skulle kjempa om å score flest gongar på gamle lagkameratar. Luis Garcia stakk av med sigeren og scora to gongar trass straffebom. Tenk, han kunne vore femtemann på hattrick-lista. Granada fiksa biffen mot stakkars Villarreal, som dermed vart den første klubben som verken scora på eller holdt nullen mot Andalusia-laget. Eit aldri så lite Valverde-déjà vu for dei gule, som no ligg nest sist. Den einaste fjerdeplassen dei ser ut til å ta denne sesongen, er i Champions League Gruppe A.
Neste runde kjem fortare enn svint, og då spørs det om eg må vie ein del plass til Bielsa og hans taktiske disposisjonar i Athletic Bilbao:
Tysdag kl 20: Osasuna-Sevilla, Real Sociedad-Granada
Tysdag kl 22: Villarreal-Mallorca
Onsdag kl 20: Atletico-Sporting, Malaga-Athletic, Racing-Real Madrid, Vallecano-Levante
Onsdag kl 22: Valencia-Barcelona
Torsdag kl 20: Espanyol-Getafe
Torsdag kl 22: Betis-Zaragoza
Fleire synspunkt kan delast med meg på Twitter: @Cplus_Magnar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar