Kontroversar, underhaldning og 30 mål på ti kampar. Den nøytrale tilskodar hadde ingen grunn til å klage, men dei meir partiske aktørane ytra masse misnøye etter den 26. –
eigentleg den 27. – runden i La Liga:
- Den spanske konspirasjonsleiken får stadig meir å livnære seg på etter kvar einaste La Liga-runde. Etter oppgjeret mellom Real Betis og Real Madrid laurdag kveld, la Gerard Piqué ut følgjande melding på Twitter: ”...”. Tre prikkar som sa så uendeleg mykje om kva han meinte, etter at både Sergio Ramos og Xabi Alonso hadde handsa innanfor 16-meteren i sluttminuttane, på stillinga 2-3. Betis skulle hatt to straffer, men fekk ingen. Handsen til Alonso var av typen ”føring”, noko som ikkje er tillete i volleyball eingong. Dei store avisene var sjølvsagt svært delte i sine meiningar, alt etter kor dei høyrer heime. Madrid-baserte Marca trylla fram orda ”perfekt dømming”, medan Barcelona-baserte Sport kalte det eit ran.
- Styrtrike Málaga er på fjerdeplass for første gong sidan oktober. Sjeiken har halde ein rimeleg låg profil denne sesongen, og handla ikkje noko som helst i januar trass elendig form og ein ubetydeleg 10. plass. No har Andalusía-laget komme snikande i det stille med tre strake sigrar, og har Champions League-plassen inne med to poeng ned til Levante som måtte unngjelde på La Rosaleda i helga. Skal me våge å spå kjøpefest på Málaga i sommar, om dei skulle ende opp på topp fire i mai? Til helga skal dei til Santiago Bernabeu, og kan fort få ein ny indikasjon på kor langt frå La Liga-toppen dei er kvalitetsmessig.
- I Valencia går fleire og fleire trøytt på trenar Unai Emery. Nok ein gong slo hans taktiske disposisjonar fullstendig feil, då laget gav frå seg initiativet og 2-0-leiinga etter eit par defensive byter mot Mallorca. I tre heimekampar på rad har Valencia sluppe inn vitale mål mot slutten av oppgjera – Sevilla snudde og vann 2-1, PSV gjekk frå 4-0 til 4-2 og fekk plutseleg eit brukbart utgangspunkt før returoppgjeret i Europa League, medan nedrykkstrua Mallorca altså fekk med seg eitt poeng. På Mestalla er dette feigt, uverdig og snart uuthaldeleg.
![]() |
| Pellegrini har leia Villarreal og Real Madrid i Champions League. Málaga neste? Foto: Scanpix. |
- Marcelo Bielsa spara tre av profilane då Athletic Bilbao skulle følgje opp Old Trafford-suksessen med endå eit tøft borteoppgjer – denne gongen i Pamplona. ”Dette er ikkje Old Trafford” sang Osasuna-fansen då dommar bles av kampen på stillinga 2-1 til heimelaget. Det hjalp ikkje at Bielsa satte inn Fernando Llorente i pausen, sjølv om toppscoraren sytte for reduseringa. Osasuna gjorde mot Athletic det Athletic gjorde mot United – kjempa intenst, pressa høgt og sprang som gale. Dermed kom Athletic ned på jorda igjen, og Sir Alex Ferguson lærte kanskje eitt og anna av Osasuna søndag kveld.
![]() |
| Ikkje Old Trafford. Tung kveld for Iker Muniain (t.v.) då Osasuna kunne juble for tre poeng søndag kveld. Foto: Scanpix |
- Hat-trick-bonanza: Kven sa du? Kalu Uche? Dette er den nigerianske spissens femte sesong i La Liga. Han har aldri scora tosifra i løpet av éin sesong. Han har berre scora i to av sine kampar etter overgangen til Espanyol. I helga drog han tre mål opp av den magiske hatten då Barcelona-laget utklassa Rayo Vallecano med 5-1. Me har dermed fått 18 hat-tricks fordelt på sju spelarar i årets La Liga.
Resultat
runde 26:
Málaga-Levante 1-0, Real Sociedad-Real Zaragoza 3-0, Sporting Gijón-Sevilla 1-0, Real Betis-Real Madrid 2-3, Atlético Madrid-Granada 2-0, Espanyol-Rayo Vallecano 5-1, Valencia-Mallorca 2-2, Racing Santander-Barcelona 0-2, Osasuna-Athletic Bilbao 2-1, Villarreal-Getafe 1-2.
Sevilla-Barcelona, Real Madrid-Málaga og Athletic Bilbao-Valencia – tre potensielle klassikarar står på menyen kommande helg:
Laurdag
kl 18: Getafe-Real Sociedad, Granada-Sporting Gijón, Real Zaragoza-Osasuna
Laurdag
kl 20: Sevilla-Barcelona
Laurdag
kl 22: Rayo Vallecano-Real Betis
Søndag kl
12: Levante-Villarreal
Søndag kl
16: Mallorca-Atlético Madrid
Søndag kl
18: Athletic Bilbao-Valencia
Søndag kl
21.30: Real Madrid-Málaga
Måndag kl 21: Espanyol-Racing Santander Innspel? Del gjerne på Twitter: @Cplus_Magnar


Hei!
SvarSlettSynes at du kunne nevnt at Betis sitt første mål kunne/skulle vært annullert for hands. Er i overkant litt mykje prat om konspirasjonsteoriar, eller? Dei som har følgt med på La Liga dei siste åra kan ikkje sei at Barca ikkje har hatt "litt" flaks. No når Real og Barca plutselig har skifta plass på tabellen så er det plutselig snakk om konpirasjoner. Eg er ekstremt stolt over Real i år og eg syns at det er ufattelig irriterende at laget mitt skal kontinuerlig snakkes drit om. Husker kun nokon få artikklar om dommarhjelp når Barca vant år etter år. Eg syns iallefall det er rart at personer meiner Real trenger hjelp for å vinne med tanke på kor suverene dei har vært i CL. Eg meinar at Barca ligg der dei ligg fordi dei er alt for dårlige på bortebane. I tillegg så skriv Arve Fuglum om terminlisteflaks. Skal det ingen ende ta? Og til sist, er du, Anne Sturød og Petter Veland pro Barca og anti Real? For det kan virke sånn på bloggane og i studio når det spilles kampar. Fint om du kunne komme med ein kommentar :)
Mvh André
Hei André!
SvarSlettNei, ingen av oss er verken pro eller anti nokon av La Liga-laga. Real Madrid imponerar stort denne sesongen, og fortenar absolutt å leie som dei gjer. Grunnen til at eg har via eit punkt til dei to straffesituasjonane er 1) Det er saka som har fått størst merksemd i Spania denne helga, 2) Spansk media tolkar situasjonane svært ulikt avhengig av kva "briller" dei har på seg, og 3) Eg har tidlegare skrive ein blogg om dommarane og bl.a. kva dei tolkar som hands eller ikkje, utan å sjå ut til å komme til einigheit (her blir diverre ein del av RM sine kampar, som mot Levante, Racing og no Betis, gode dømer på akkurat det).
Eg trur ikkje på nokon konspirasjonsteoriar, men finn det verdt å nemne at i Spania er media ganske ekstreme på det, pga deira partiske ståstader. Alle som held med RM har god grunn til å vera stolt over deira prestasjonar denne sesongen.
Mvh
Magnar
Hm, det er forresten ikkje heilt sant at ingen av oss er pro nokon av La Liga-laga, då Petter er fan av Villarreal, medan eg sjølv har eit lite auge til Sevilla. Men me likar likevel å tru at me klarar å sjå kampane deira med objektive auge.
SvarSlettMagnar